Seljestad lågland er løypa som vil bli køyrt dagleg ved behov når snøforhold og vær tillett det. Første del av løypa har sol heile året i godvær. Etter 2,5 km er det flott utsiktspunkt mot Oddadalen og Løyningsdalen. Løypa går i det området som er minst utsett for vind, og det er få dagar i løpet av vinteren at det ikkje er forsvarleg å gå tur i dette området. . Løypa går i området mellom E134 og Seljestadstølen, og er variert med veksling mellom motbakkar, flatar og unnabakkar. Etter 7 km kjem løypa til Seljestadstølen, før ho returnerer mot start i sløyfer med fine utforkøyringar.
. . . . .
. . . . . . .
. . . . . . .
. . . . . .
. . . . . . .
. . . . .
. . . . . .